søndag, juni 10, 2007



"Fjellblomen"

Såg du ein einsleg blome

som duva i solbris mild

langt oppi fjell der ingen

ventar at liv er til?

Slik kan ein stundom finne

tankar som blyge bur

bortgøymde djupast inne

der som ein minst det trur.

Fjellet er hardt og steingrått

men blomen er kløkk og fin

ber i si skire klokke

doggdråpen blank som vin

Ein - kanskje ikkje mange

staden og blomen finn.

Ragnvald Skrede

1 kommentar:

Princess Of God sa...

fantastisk bilde og flott dikt...
noen gnger må en lissom ha øye for guds skjønnhet for å se han